Kom deg ut-dagen
Laurdag 18. januar inviterer Den Norske Turistforening (DNT) til turar, aktivitetar og arrangement over heile landet, og oppmodar alle til å kome seg ut på tur denne laurdagen. Vi som brukar Kulturminnesøk er ofte turglade folk, så dette vil vi vere med på!
Oversikt over alle DNTs Heile Noreg båler arrangement. Der finn du også bålreglane og tips for vellukka bålbrenning.
Heile Noreg båler
Laurdag 18. januar er også den store båldagen. Om vinteren er det kjekt å steike pølser eller koke kakao på bålet, men dette har vi også gjort i fleire tusen år. Visste du at bål og eldstader er nokre av dei vanlegaste kulturminna vi har her i Noreg? I Kulturminnesøk er det registrert 6536 kokegroper, og ein finn dei over heile landet. Hovudpoenget med å leggje stein i eit bål i ei grop, er å magasinere varme. Når steinane er gjennomvarme, kan ein leggje på mat innpakka i blad, og lukke gropa med torv. Kokegroper kjenneteiknast derfor av tydelege lag med kol, samt mengder med skjørbrente stein, også kalla kokstein. Denne matlagingsteknikken er kjend i mange kulturar over heile verda. Kokegropene kan liggje i større samlingar, enkeltvis, eller i mindre grupper.
Kulturminnesøk i lomma
Kulturminnesøk kan brukast på PC, nettbrett og telefon. Med tenesta open på telefonen, kan du lett navigere i «Utforsk kart», sjå deg ut kulturminne eller kulturmiljø du har lyst å undersøkje nærare, og leggje turen deretter. Eller du kan velje deg ein tur foreslått av DNT og sjå kva som finst i Kulturminnesøk i det området. Kartet i Kulturminnesøk har detaljerte stiar og fungerer godt ute i terrenget. Der kan du også filtrere på fylke, kommune, arkeologisk minne og kokegropstad – og er det fritt for sne der du bor, kan sjå om du finn nokre av dei 6536 som er registrert!
Men viss du vil prøve å lage mat i kokegrop, må du lage di eiga kokegrop – hugs at kokegropene er automatisk freda.
Og du – hugs at med brukarinnlogging kan du leggje eigne bilete til både forvaltninga sine, og andre brukarar sine kulturminne, i Kulturminnesøk. God tur!