Personvern og bruk av informasjonskapslar

Vi ønskjer å tilby brukarane våre gode, relevante nettsider. Difor er det viktig for oss å kunne innhente informasjon om brukarmønsteret til dei som bruker nettstaden.

For å kunne utvikle og analysere brukarmønsteret, nyttar kulturminnesok.no informasjonskapslar (cookies). Informasjonskapslar er små tekstfiler som nettstaden lagrar på datamaskina eller mobilen til brukaren. For å analysere informasjonen vi hentar inn, bruker vi analyseverktyet Google Analytics.

Du kan avvise bruken av informasjonskapslar på maskina di ved å justere innstillingane i nettlesaren din. Men ver oppmerksam på at om du gjer dette, vil du kanskje ikkje vere i stand til å nytte all funksjonaliteten til nettstaden. Les meir om bruk av informasjonskapslar på nettstaden nettvett.no.

Kulturminnesøk lagrar i tillegg personopplysninger når du opprettar ein brukarprofil på nettsida. Fornamn, etternamn og e-postadresse vert lagra, og behandlinga av desse opplysningane baserer seg på ditt samtykke. Om du legg inn informasjon på Kulturminnesøk (kulturminne, foto, kommentarar), så blir namnet ditt knytta til desse bidraga. Dette er for at det skal framgå kven som er ansvarleg for det som er lagt inn. E-postadressen din er ikkje synleg på nettsida, og vert heller ikkje delt med andre. Du kan trekkje tilbake samtykket ditt når som helst, og då vil opplysningane bli sletta.

Det er Riksantikvaren som er behandlingsansvarleg for personopplysningar på Kulturminnesøk, ved øvste leiar som er riksantikvaren. Sjå Riksantikvarens personvernerklæring for meir informasjon om korleis personopplysningar blir samla inn og behandla, og om dine rettar. Riksantikvaren har eit eige personvernombod, som du kan kontakte på e-post: personvernombud@ra.no.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål om personvern eller informasjonskapslar.